Bursdagskakene




Tenkte å vise dykk kakene eg lagde på laurdag. Den første kaka eg lagde var ei gulrotkake, og etter det vart det to brett med cupcakes. Desse tok mange timer å lage, men så vart eg fornøyd også! :) Både gode og flotte :)
I tillegg til dette så hadde eg bestilt bollar av Anlaug, dei er så fantastisk gode! Ho hadde laga både med og uten rusinur som ho seier ;)
Forresten, så vart eg mobba fordi vi har stettfat. Det var noko med at eg måtte ihvertfall gifte meg snart sidan eg til og med hadde stettfat. Mammaaaa? VIl du ha det tilbake?? *SNUFS* He he.. Neida, stettfatet med roser på passer perfekt inn i vår stil :P
Måtte jo berre kjøpe meg påskeheftet, og der var det oppskrift på desse to herlege påskekulene :) Og mange fleire. Vi får sjå om det blir til at eg lager fleire :) Var ganske gøy å lage dei i grunnen.



































